Produkter

DSC00355 DSC00388 DSC00392 DSC00412 DSC00415 IMG_5327 IMG_5360 IMG_5348 IMG_5345 IMG_5357 5343 IMG_5371 IMG_5377 IMG_5333 IMG_5335 dsc05330

Vi har til salgs:

CIMG1201

 

 

med sølv og stein:

Thulitt, Mylonitt, Vasskis, Eklogitt, Jaspis, Larvikitt, Serpentin m. fl.

Klavar ( i sølv eller lær/sølv): kr. 1050.- 1750.-

Heng (med og utan kjede): små frå kr. 98.-, større opp til kr. 900.-

Ringar av mange typer, frå kr. 98.- til kr. 700.-

Øyreheng/øyrestikk (allergitesta) frå 85.- til 425.-

Lisseslips, slipsnSmykker åler, skjerfringar osv.

 

Ting av og med stein:

Same steinsortar som i smykkene, dessutan spennande biletsteinar

Hengjeklokker og ståklokker opp til storleikar på 30 x 30 cm. Frå 350kr og oppover.

Hengjetermometer og ståtermometer opp til 10 x 20 cm. Frå 125kr. til 350.-

Pennesett av ulike typer, frå 75kr og oppover.

Telys med plass for 1 – 4 lys, råstein og polert stein, amethyst osv. Frå 150kr til 500.-

Lysestakar av kleberstein, fossilførande kalkstein, travertin osv. Alle prisklasser.

Skrin av thulitt, lapis, eudialytt osv. med lokk. Frå 300kr og oppover.

Korketrekkjarar, flaskeopnarar, knivar, skeier, brevknivar osv. i norsk og utanlandsk stein.

Dyr og fuglar skorne av stein, frå 3cm og oppover. Frå 28kr til 1200.-

Kuler, egg, pyramider, obeliskar, geometriske figurar i 30-40 steinsortar og i alle prisklasser

Mineral, bergartar:

Vi har til ei kvar tid 3-400 ulike mineral på lager, frå enkle referansestuffar til 20-40kr og opp til dei flottaste praktstuffar til 3-5000kr. Serleg har vi spesialisert oss på norsk og nordisk materiale, og knapt nokon kan konkurrere med oss på pris og utvalg. Nokre få typer kan presenterast her, men ring oss evn. for å sjekke kva vi har inne til ei kvar tid.

Healingstein: Tromla (glattslipt) eller som råstein/krystallar:

Dekorasjonstein i form av «fjell»: Flott forma stein med gode farger eller teikningar, berre sagd under og forsynt med namn og funnstad. Serleg brukar vi rosenkvarts, sodalitt, thulitt, fuchsitt/kyanitt, solstein, men også bergkrystall, amethyst osv. Prisar frå 75kr og opp til fleire hundre for store «fjell» og dyrare steinsortar.

Polerte fjell og skalkar: har ei side polert for å vise korleis «steinen ser ut inni.» Dette gjev ofte ein spennande kontrast. Prisar frå 125kr. og opp til 2-3000 for spesielle eksemplar.

 

Fossilar og Oldsaker:

Fossilar:

Har vi i stort utval, frå små, polerte orthocerar frå 25kr til dinosaurusegg til 9750.- Norsk t.d. trilobittar og kjedekorallar, elles fisk frå mange land, dinosaurusrestar, og, serleg mammut-tenner, bein og støyt-tenner. Ein del av desse er pent montert på fot eller i rammer.

Oldsaker:

Vi har eit godt utval av autentiske flintøkser, pilespissar, romerske fibulaer, mynter osv. Også smykker og rituelle figurar heilt attende til steinalderen.

 

 

Holo:

under Vistestugu finn du utstillinga «Kunst eller berre stein ?» med bilete av sagde steinskiver, steinskulpturar, preparerte fiskefossil, støyttenner av mammut, orthocerasskulpturar, dinosaurusegg, dekorasjonsteinar, oldsaker og mykje anna spennande du ikkje finn i andre norske butikkar.