Om oss

Fossheim Steinsenter flytte i 1985 inn i ein trehundre år gamal, ombygd storlåve. Etter dette har vi utvida anlegget to gonger, og står i dag som ein velkjend møtestad så vel for turistar som for interesserte og fagfolk innan alle naturfag.

I Steinsenteret vil du finne eit smykkegalleri og butikkar der vi legg hovudvekt på smykker, souvenirar og bruksting i norsk stein. Vi finn det meste av råstein sjølve, og dei fleste produkta blir laga av våre eigne produsentar. I museet vårt vil Du finne den største utstillinga av norske mineral og smykkestein i heile landet.


Totalt har vi stilt ut norske mineral frå litt over 700 forekomster, meir enn 30 ulike smykkesteinar og 20 facetterte mineral.

I Holo under Vistestugu finn du utstillinga «Kunst eller berre stein ?» med bilete av sagde steinskiver, steinskulpturar, preparerte fiskefossil, støyttenner av mammut, orthocerasskulpturar, dinosaurusegg, dekorasjonsteinar, oldsaker og mykje anna spennande du ikkje finn i andre norske butikkar.

I høgsesongen om sommaren har vi ope kvar dag frå 10-19, avtrappande vår og haust. Det kostar ingenting å koma inn i musea våre, og gjerne tek vi oss tid til å fortelja litt om råstein og produksjon til dei som har lyst til å høyre.

182
I samband med 25-års jubileet opnar vi i mai 2010 den nye TIDSAKSEN som på 1000 m lett vandring gjennom Lom Nasjonalparklandsby fortel Jordas utviklinga gjennom 4 600 mill. år.